Fake news
- Forfatter:
- Vegard Markhus
No er endeleg bok tre i serien «Alien i klassen» her! Nokre vil nok kjenne igjen Vegard Markhus frå biletbøker som «Det runde problemet» og «Ei kjedeleg bok». Dette er ein humorserie for småtrinnet som er lett å lese, og med mange teikningar.
Hovudpersonen i bøkene er Ulrik. I «Fake news» begynner mystiske ting å skje på skulen, og snart trur alle at det er Ulrik og venene sin feil. Korleis skal Ulrik og gjengen bevise at dei er uskyldige? Kven er det eigentleg som står bak alt kaoset? Og korleis skal folk få vite kva som er sant, når ingen trur på det dei seier? «Alien i klassen – Fake news» er ei bok om løgn og sanning. Om kor lett det er å få alle til å tru på ei løgn, og om at det ikkje alltid er fleirtalet som har rett!
