Stella står i det

Forfatter:
Helene Guåker
Illustratør:
Oda Valle
Lån boka her
Stella har snart bursdag. Ho blir 11 år, men gler seg ikkje!  Mamma har invitert heile klassa til å feire, men problemet er at mammaen til Stella ikkje kan jobbe, og ofte er sjuk. Og kva skjer om ho får migreneanfall akkurat på bursdagen, og alle får vite korleis det står til heime? Heldigvis har Stella ei bestevenninne, og saman lagar dei ein Plan B for bursdagsfeiringa.
«Stella står i det» er ei varm og fin forteljing om fattigdom. For mor til Stella er kreativ. Ho kan både sanke vekster i naturen og gå på søppeldykking for å få mat på bordet. Og sjølv om familien til Stella er liten, har dei ein god «landsby» rundt seg.
Forteljinga passar for mellomtrinnet, og er perfekt til høgtlesing. Kanskje den kan stå på leselista til årets Sommarles? No er det ikkje mange dagane att til 1.juni og oppstart. Sjå meir på altom.sommerles.no 
Kategorier: 
Barn,
Boktips