Eg skal rive deg i filler

Iben Maria Løvenskiold har framtida klart for seg. Etter ho er ferdig med internatskolen i Sveits, skal ho begynne på Handelshøgskulen i Bergen, og deretter skal ho studere på Harvard. Men då søstera hennar, Alexa, døyr etter overdose på fest, snur alt. For på ulike sosiale medier verserer ein fæl video kor Alexas siste timar er dokumentert. Saka blir lagt vekk hos politiet, men ikkje i Ibens hovud.  Iben har ein plan: Ho vil nærme seg den eine guten, og bruke han til å felle dei andre. Men då må ho få han til å falle for ho først.

Boka har godt driv og er spanande. Korte kapittel og eit effektivt språk gjer den lett å lese. Ho vann nettopp U-prisen for beste ungdomsbok, og vinnarjuryen vil ha ein oppfølgar! Dette er ei forteljing som underhaldar på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja då? Eit av argumenta for at boka vann er temaet den tar opp. Juryen skriv: «Det viktigaste er at boka ga oss noko å tenke på. Valdtekt og samtykke er tema som dagens ungdom verkeleg brenn for, og vi meiner det er viktig at det blir skrive bøker om dette.»

Psykologisk thriller for ungdomstrinnet og unge voksne.
Kategorier: 
Boktips,
Ungdom