Fugler du kan ha møtt 

Denne veka har skulestarterane i Nome fått oppleve ein heilt spesiell BokLek med biletboka «Det runde problemet» av Rune Markhus. Det har vore ei fryd å ta del i desse formidlingsstundene på biblioteket saman med barna!

 

No er våren på veg, og mange fuglar kjem snart tilbake. Då kan denne leikne og morosame faktaboka vere midt i blinken. Her får du fakta om norske fuglar på ein enkel og humoristisk måte. Den kan brukast som oppslagsverk, eller til høgtlesing og samtalar. Her kan du lese om fuglar som bjeffar, tar salto og mykje anna rart. Dei vakre illustrasjonane har gitt Marianne Gretteberg Engedal ein plass blant dei nominerte til både Brageprisen og Kultur- og likestillingsdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur.

 

Bonustips: Er du eller barna glad i å perle? Då er «25 småfugler du kan perle» av Jenny Jordahl midt i blinken!
Kategorier: 
Barn,
Boktips,
Ungdom,
Voksen