Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
- Forfatter:
- Markus Lantto
- Illustratør:
- Camilla Kuhn
No er vi er midt i nynorskveka (6.-12.mai), og det må vi markere med ei boktips på nynorsk.
Kåre og Marimba er tilbake! Dei to bestevenene er veldig ulike, men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Han heiter Mastrojanni og er kanskje eit stort geni eller kanskje ein mislykka oppfinnar. Saman bestemmer dei seg for å lage ei maskin som kan lage alt mogleg rart, til dømes austeuropeiske vræleugler eller iskrem med hundre ulike smakar. Denne biletboka er full av fantasileik og skaparglede, og passar for barn mellom 3 og 8 år.
Lurer du på korleis du kan bli med på nynorskveka, eller vil markere nynorskdagen 12. mai? Vi har både nynorskbingo og gode nynorskbøker til alle aldrar. Velkommen til biblioteket!
- Kategorier:
- Barn,
- Billedbok,
- Boktips
