Kom, vi skal til barnehagen!
- Forfatter:
- Magnhild Winsnes
I desse dagar er det mange barn som har starta opp att med skule og barnehage, og nokre av dei for alle første gong! «Kom vi skal til barnehagen» er ei fin biletbok som viser kvardagen til barnehagebarn. Det startar heime med familien, før dei syklar, går eller køyrer av garde. Magnhild Winsnes brukar rim og rytme i den ordknappe forteljinga. Her er rom for mykje fantasi i denne fargerike biletboka.
Boka er enkel og fin for alle dei små som nettopp har starta livet i barnehagen. For dei som er litt større er det mykje å kjenne seg att i, og artige detaljar å studere.
Biblioteket har òg mange andre bøker om skule- og barnehagestart. Spør oss gjerne om tips når du er innom.
