Tre er èn for mye

Esters univers er ein teikneserieroman om Ester. Det er Oda Valle som skriv og illustrerer.  Den første boka i serien er «Bonusbror og marsvintrøbbel», og handlar om kjæledyr og å få ein bonusfamilie. I denne boka blir vi betre kjent med venene til Ester, og det er ikkje berre lett å vere tre bestevener, sjølv om ein har verdas beste dyreklubb saman. I tillegg har det kome ein baby i bonusfamilien, og Ester må ta alt for mykje ansvar. Det synest ho i alle fall sjølv!?

Her er det mykje kvardagsliv, gjenkjenning og forviklingar. Ei fin og humoristisk fortelling for alle som har irriterande småsøsken, svikefulle vener eller søte kjæledyr. Passar for barn i skulealder.

Kategorier: 
Barn,
Boktips